![]() |
| Flatbrød Foto: Hilde Gartland |
FLATBRØD PÅ TAKKE
Eg
er glad i mattradisjonar. Og for å halde dei levande må ein ta dei i bruk. Det er
mykje ein kan lese seg til, men med mattradisjonar og særleg bakst, er det
mykje som ligg i sjølve handlaget.
Mi kjære svigermor har mattradisjonane i
handlaget, og når eg ber om oppskrift skildrar ho berre omtrentlege mengder av
ingrediensane: «Litt vatn og salt og ha i mjøl til ein passe deig». Eg veit ikkje korleis ein
«passe deig» kjennast ut. Då ligg svaret i handlaget, i erfaringa og det ho har
lært av dei som levde før ho.
Dette var mi første erfaring med å bake flatbrød for om lag 15 år sidan. Eg måtte være med ho å bake for ho hadde inga oppskrift å gje meg. Eg noterte ned undervegs som ho prata og viste korleis eg skulle gjere. I utbakinga var det særleg gjævt å få leiven til å «danse», som vil sei at han bevega seg sakte rundt medan eg kjevla på ein viss måte. Å få til det var eitt av kunststykka som kom med handlaget. Eg måtte øve mykje, men eg fekk det faktisk til før bakeøkta var over.Det gjekk 13 år før eg bakte flatbrød igjen på eiga hand. Det er no 2 år sidan, og sidan då har eg baka 5 gongar, inkludert bakinga på høgskulekjøkkenet. Handlaget med å få leiven til å «danse» har eg mista. Eg har ikkje praktisert på alle desse åra så det er kanskje ikkje å vente at det framleis skal sitte i hendene. Men å få det attende inn i handlaget er målet eg jobbar mot.
KORN OG MJØL
Det folk flest hadde å ete fram til
1800-talet var mat som let seg oppbevare over tid, gjennom ulike formar for
konservering. Ein åt veldig lite fersk mat. «Å ha forråd tydde på velstand, å
ete ferskt brød på fattigdom» (Bjørnstad, 2021, s. 167). Til og med korn måtte
bearbeidast for å halde seg etande over tid (Notaker, 2006, s. 9). Ein dyrka
det ein hadde trong for gjennom eit heilt år, for så å konservere det for å
gjere det mogleg å oppbevare det til seinare bruk eller konsum.
Èin måte å konservere mjøl på var å bake
flatbrød. Og det skulle bakast ut tynt, for å steike og tørke raskt og halde
seg tørre (Bjørnstad 2021, s. 168). Flatbrød gjekk det mykje av gjennom eit år,
for det blei spist til alle typar mat, unntatt graut (Notaker, 2006, s. 27).
Ein bakte som regel 2 gongar i løpet av året, ein gong på sommaren og ein gong
før jul (Sæther, 2004,s. 53). Forfattar Peder Claussøn skildrar i Bugge, s. 76,
at han på stabburet såg stablar med flatbrød som var 2-2,5 meter høge. Sæther (s. 53)
fortel at det på bakstedagar på Sunnmøre blei baka om lag 1000 flatbrød om
dagen, og dei baka som regel i 3 dagar. Det gjev 3000 flatbrød, som var det dei
brukte gjennom eit heilt år.
Også èg skal bake flatbrød før jul, men no
til denne oppgåva skalera eg det litt ned. Eg lånte boka Fjordamat, kokeboka
for Sogn og Fjordane. Eg hadde lyst til å bake noko med opphav frå det
distriktet eg bur, så eg fann ei oppskrift på flatbrød i frå Jølster i
Sunnfjord (s. 58). Eg delte oppskrifta på 4 og fekk følgande mengder:
Flatbrød frå Jølster
3,75 dl vatn
¼ ts salt
250g fin sammalt kveitemjøl
250 g grov sammalt kveitemjøl
75 g havremjøl
Byggmjøl til breiemjøl.
I framgangsmåten står det at havremjølet
er med å gjev meir smak på flatbrødet, men at det er viktig at mjølet ikkje har
gått over best før-datoen. I følgje forskning.no inneheld havre 5-6%
fett samanlikna med kveitemjøl som inneheld om lag 2% fett. Havren ein får
kjøpt i butikken er varmebehandla før den pakkast og kjem for sal. Varmen
deaktivera enzyma som gjer at havren harsknar. Både havregryn og havremjøl vi
kjøper i butikken, er varmebehandla (Kaste, forskning.no, 2026). Ut i frå dette
forstår eg at ein brukte havremjøl i bakverk som flatbrød, for å konservere det
gjennom steikeprosessen.
![]() |
| Mjøl til flatbrødbaking Foto: Hilde Gartland |
Då eg stod og skulle byrje, innsåg eg at eg
hadde gløymt å kjøpe fint sammalt kveitemjøl. Eg løyste det ved å lage min eigen
miks med om lag 1/3 kveitemjøl og 2/3 sammalt grovkveite. Det fekk duge. Litt
improvisering er heilt vanleg når eg er på kjøkkenet. Deigen eg fekk var litt
våt å ta i, i starten, men med ein gong den fekk litt meir mjøl rundt seg blei
den god å jobbe med.
Av oppskrifta over, fekk eg 8 emne på
mellom 110 g og 120 g. Eg fekk i tillegg eit emne som var litt mindre. Eg forma
dei til runde bollar og la dei på eit fat med ein brødpose over for at dei
ikkje skulle tørke ut.
![]() |
| Emner med plast over, for at dei ikkje skal tørke ut Foto: Hilde Gartland |
Eg sette takka på 75% av max, men erfarte at eg måtte ha ho litt varmare enn det. Eg enda på å steike på omtrent 85-90% av max. Takka mi har ein trinnlaus skala frå 1 til 3, men med god avstand mellom talla. Det er difor mogleg å finjustere på varmen. Utstyret eg har til bakst er eit rutakjevle, ein fløgel, eit baksteunderlag i grovt, vevd bomullsstoff og ein kost av naturfiber.
![]() |
| Utstyr til flatbrødbaking: naturkost, fløgel, takke, rutakjevle og kjevleunderlag Foto og collage: Hilde Gartland |
Deigemna var gode å jobbe med når eg brukte rikeleg breiemjøl. Eg har erfart at eg likar å bake flatbrød, det er nærast meditativt. Eg baka aleine, men erfarte at det er mykje å gjere når ein held på med det aleine. Emne skal trillast, så skal det kjevlast fint og jamt og så få leiven over på takka. Så nyttar eg steiketida til å starte å kjevle ut eit nytt emne, men då skal ein ha litt auge i nakken for å ikkje gløyme det som ligg på takka (takka stod under ventilatoren på platetoppen bak meg). Eg fekk ofte litt støkk i meg når eg plutseleg kom i hug takka. Men ingen blei brent, så det gjekk bra.
![]() |
| Kjevling av leivar, med auge i nakken Foto: Arne Kringlen |
![]() |
| Steiking av flatbrød Foto: Hilde Gartland |
Når eg bakar ut og kjevlar, og ser kor mykje mjøl eg er nøydt til å bruke, så tenkjer eg på dei som måtte så kornet, sette sin lit og von til ein god sesong, hauste det, tørke det, treske og male det. Alt det arbeidet og så ser ein kor mykje ein må bruke av det, og mjølstøvet står og legg seg tynt over alt…..
| Eit tjukt lag mjølstøv over alt Foto: Hilde Gartland |
Eg grunnar på korleis vi har fjerna oss frå kor maten kjem i frå. For det moderne mennesket kjem maten i frå butikken. Satsar ein alt på eitt kort, blir ein sårbar. Eg finn glede og meining i å ete rein mat og i å lære meg å lage mat på måtar som var kvardagen for oldeforeldra mine og dei før dei, igjen. Det er eg viss på er lurt, samt å lære det vekk til borna mine, om ikkje anna enn for gleda, i beste fall.
Flatbrød-økta var ei kjekk stund, og om ikkje lenge skal eg øve meir på handlaget og bake flatbrød til jul og til forråd utover vinteren, for eg er rik....
![]() |
| Bortimot det beste eg veit; flatbrød med heimelaga smør Foto: Hilde Gartland |
STRULL I JERN
Strull er laga av ei røre som blir stekt i
eit samanfalda, ledda jern og kaka blir rulla saman til ein jamn
rull. Dette er ikkje eit gamalt bakverk i og med at vi i Noreg heilt til
midten av 1800-talet stort sett kokte all mat i èi gryte som hang over open
eld. Det var når støypejarnskomfyren kom, med lause ringar ein kunne ta av og
på for å tilpasse til kva storleik ein hadde på kokekaret. Med denne nye kokeomnen
kom òg steikeomnen. Dette blei ein revolusjon for mattradisjonane våre
(Riddervold 1994, s. 33). Av julekakene er dei jarnsteikte kakene dei eldste
(Riddervold, 1994, s 35). På folkeblikk.net finn eg at kakejerna kom til
Noreg frå Holland på 1600-talet, men at kakene ikkje blei definert som
julekaker før på 1800-talet. Også her finn eg at støypejernskomfyren
representerte eit stort skifte i hushaldet (folkeblikk.net/mat/julekaker/).
Strull har eg inga som helst erfaring med
frå før. Eg hadde lyst til å lage noko eg ikkje hadde gjort før, for å utvide
kunnskapen, horisonten og repertoaret mitt. Eg finn lite skildring i kjelder om
strull som bakverk, men det eg finn peikar på at strull ikkje må forvekslast
med krumkaker då det er ei heilt anna røre og ein annan måte å rulle dei på.
Men dei steikast gjerne i krumkakejern (lokalhistoriewiki.no).
Eg leita ei stund etter oppskrift og enda
med å bruke ei oppskrift eg fant på matprat.no.
![]() |
| Ingrediensar til venstre, røre til høgre Foto og collage: Hilde Gartland |
Strull
2,5 dl kremfløte
100 g sukker
100 g kveitemjøl
0,5 dl kaldt vatn
Ein kunne velje mellom å bruke kremfløyte
eller seterrømme. Eg kjøpte inn begge delar då eg var usikker på kva eg skulle
velje, men enda med å bruke kremfløyte. Eg piska fløyte og sukker til ein laus
krem. Så sikta eg inn mjølet for deretter å tilsette vatnet. Røra skulle stå og
svelle i 30 minutt. Eg såg ikkje noko skilnad på røra etter 30 minutt, men eg
gjorde som det stod.
Eg sette på krumkakejernet og fant fram ei
rist, ei skjerefjøl, 2 stk sleiver med rundt og jamnt skaft, samt
vaffelgaffelen. Eg piska opp røra litt før eg la ei toppa spiseskei røre midt
på steikeflata. Når eg lukka ned lokket gjekk det ikkje mange sekund før røra
fløyma ut av jernet. Lokket på jernet mitt er litt tungt, og røra blei veldig
tyntflytande når det kom i kontakt med varmen. Det var ein litt utfordrande
kombinasjon. Eg lòt kaka steike litt før eg letta på lokket. Det som møtte meg
var ei svartsvidd kake. Eg tok vaffelgaffelen og skrapa det ut på et fat, før
eg la på ei ny skei med røre, litt mindre mengde denne gongen.
![]() |
| To mislykka forsøk Foto: Hilde Gartland |
Eg såg på varmeinnstillinga og såg at det
stod på fullt. Eg skrudde ned eit hakk, frå 5 til 4. Neste kake blei litt
betre, men eg fekk den ikkje av steikeflata, så eg enda med å skubbe den òg ned
på fatet. Eg lagde ei tredje kake, som òg blei veldig mørk. Men eg greidde å få
rulla den rundt treskaftet og fekk lagt den med skøyten ned på rista. No kjende
eg at eg angra på heile greia og tankane vandra kring kva eg kunne lage i
staden, for dette kunne eg ikkje levere. Trass i dette så fortsette eg, for
røra var ikkje så stor og eg tenkte eg burde jo fullføre for erfaringa sin del.
![]() |
| På det her tidspunktet er eg litt fortvila.... Foto og collage: Hilde Gartland |
![]() |
| .....men med meir øving gjekk det betre Foto: Olav Kringlen Gartland |
No skrudde eg varmen heilt ned på 2 for å sjå om det kunne ha noko å sei. Eg lagde ei kake til, og fargen blei mykje lysare og betre. Men røra låg berre på den fremste 2/3 av steikeflata. Kaka var lita og likna eit blondeark. Eg tenkte at det skal nok ikkje sjå sånn ut. Eg fekk rulla den over på skaftet og lagt på rista. På neste prøvde eg å legge røra mykje lenger bak i jernet. Det fungerte betre. Og etter kvart la eg røra nesten heilt bak på steikeflata og lukka lokket sakte og forsiktig, så ikkje tyngda skulle presse all røra framover i jernet. Dette fungerte veldig bra, så resten av strullane blei laga med litt større kaker.
![]() |
| Mi utvikling i strull, lesast frå høgre mot venstre Foto: Hilde Gartland |
Steikeprosessen var litt stressande då eg heile tida måtte løyse utfordringane eg hadde. Etter eg var ferdig med heile røra kom eg på at eg burde prøvd å bygge litt opp under jernet framme, for å unngå at alt rant så fort framover.
Eg steikte opp heile røra og smakte på den
kaka eg syns blei minst vellukka, som og var mest mørk. Det smakte jo nydeleg,
sjølv om den var mørkebrun. Eg blei veldig overraska og særs letta og skjønte
at eg ikkje trong å lage noko anna til erstatning. Dette kunne faktisk være bra
nok. Eg syns dei generelt blei litt mørke, men når eg samanliknar med bildet
som illustrera oppskrifta på nett, ser dei jo akkurat likeins ut. Men ser ein på
bildet hos lokalhistoriewiki, er dei fleste på det bildet mykje lysare. Men der
variera dei for så vidt veldig. Nei, eg er i grunn nøgd med resultatet mitt.
Mann og barn fekk òg smake og saman har vi
slått fast at strull utkonkurrer krumkaker kva dag som helst. Strull blir no
innlemma i julebaksten her i huset. Eg gjorde meg mange erfaringar undervegs,
og eg kjem til å ta dei alle med meg vidare til julebaksten. Handlaget skal trenast også for strull.
![]() |
| Flatbrød på takke og strull i jern Foto og collage: Hilde Gartland |
Kjelder:
Berg, H. M. S.
(2026, oktober). De sju slag: Tradisjonelle norske
julekaker. Folkeblikk. Hentet 19. november 2026 fra
https://folkeblikk.net/mat/julekaker/
Bjørnstad, Å. (2021). Kornboka: Brødets og ølets historie.
Dreyer Forlag.
Bugge, A. B. (2019). Fattigmenn,
tilslørte bondepiker og rike riddere: Mat og spisevaner i Norge fra 1500-tallet
til vår tid. Cappelen Damm Akademisk.
Kaste, A. M. (2026, 2. februar). Går mel
ut på dato? Forskning.no. Hentet 18. november 2026 fra https://www.forskning.no/mat/gar-mel-ut-pa-dato/2607893
Lokalhistoriewiki. (u.å.). Strull.
Hentet 19. november 2026 fra https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Strull
MatPrat. (u.å.). Strull. Hentet 19.
november 2026 fra https://www.matprat.no/strull
Notaker, H. (2006). Mat og måltid. Aschehoug. 11-44, 52-62.
Riddervold, A. (1994). Julens
mattradisjoner i historiens lys. Dugnad:
Tidsskrift for etnologi, 20(4), 27-39.
Støfringsdal, K. (1999). Fjordamat: Kokeboka for Sogn og Fjordane.
Selja Forlag.
Sæther, P. (2004). «For alt ferskt nærer bonden stor angst»: Om mat og
kosthold på Sunnmøre. Årbok for Sunnmøre, 80, 44-75.













Kommentarer
Legg inn en kommentar